Presentasjon og arbeidsresidency: Else Olsen S.
I den gamle Salhus Tricotagefabrik står det tunge og store maskinar, men også bittesmå og skjøre. Retro high-tech i kasettformat med programmeringar for automatiserte strikkemaskinar. Gamal teknologi møter ny teknologi gjennom eit sonografisk komposisjonsarbeid av Else Olsen S., kor lydane frå maskinane vil vera orkesteret og materialet i verket, som blir musikken i framsyninga.