Utvikling

Arbeidsresidency: Else Olsen S.

BEK - Arbeidsresidency 06.01.2020 19.01.2020
BEK - Prøveframsyning (tidspunkt kjem) 30.01.2020 30.01.2020

Publisert

I den gamle Salhus Tricotagefabrik står det tunge og store maskinar, men også bittesmå og skjøre. Retro high-tech i kasettformat med programmeringar for automatiserte strikkemaskinar. Gamal teknologi møter ny teknologi gjennom eit sonografisk komposisjonsarbeid av Else Olsen S., kor lydane frå maskinane vil vera orkesteret og materialet i verket, som blir musikken i framsyninga. 

Masker er eit stadspesifikt tverrkunstnarleg prosjekt, med Norsk trikotasjemuseum som base. Det skal bli eit nytt arbeid med dans/scenekunst, tekst og nykomponert musikk, av og med den vestlandske dansetrioen No®way Home, i samarbeid med scenograf/kostymedesignar Silje Sandodden Kise. Framsyningar blir det i løpet av 2020, med prøveframsyning på BEK 31. januar 2020 (hold av datoen, klokkeslett kjem).

På BEK skal Else gjera komposisjonsarbeid, kor alt lydmaterialet frå opptaka skal studerast, klippast opp, limast saman igjen og formast i studio, i dialog med dansarane og deira koreografi.

Sonografi: Eit sonografi kan samanliknast med eit fotografi. Forskjellen er at mens eit fotografi er eit avtrykk av nok som auga kan sjå, så er sonografiet eit avtrykk av noko som øyra kan høyra. Det kan vera lydar frå t.d. ein stad i naturen eller frå ein bestemt situasjon, eller lyden av rom og maskinar, som i dette prosjektet. Akkurat som fotografi kan settast saman, ved sida av kvarandre, manipulerast eller stå som collage, kan også sonografi bearbeidast i liknande komposisjonsprosessar. På same måten er også sonografi ein viktig måte å bevare minnet om eit rom, ein kultur eller ein historie. 


Om Else Olsen S.

Else Olsen S. er komponist, musikar og pedagog, utdanna frå m.a. Norges musikkhøgskole og Griegakademiet, og gjennom studier med dei amerikanske komponistane Pauline Oliveros (1932-1916) og Christian Wolff (f. 1934). Ho arbeider med eksperimentell musikk, og blandar gjerne inn andre sjangrar, som t.d. bedehusmusikk og folkemusikk. Alternative speleteknikkar, leiketøysinstrument og preparert piano er ein viktig del av hennar utøving. Hennar stipendiatarbeid, frå Norges musikkhøgskole og Griegakademiet, bærer tittelen Open form – ei utvida utøvarrolle (2015). Prosjektet dreier seg om interpretasjon og framføring av verk med ukonvensjonelle notesymbol, notert med til dømes grafikk, tekst eller tal.

Foto: Tonje Li