Marit Eikemo
Marit Eikemo (f. 1971 i Odda) er forfattar som bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og som dagleg leiar for Cornerteatret i Bergen. Ho er no kunstnarisk rådgjevar for Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut fem romanar og ei novellesamling. Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar. Eikemo fekk Amalie Skram-prisen i 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.
I BEK Arkiv:
www.ShowMeLove