Arrangement

“2011”

Bergen Gamle fengsel 07.09.2013 00.0008.09.2013 00.00

Publisert

Eit rart dyr ligg på eit berg og ser mot havet og horisonten. Vi høyrer ei kvinne syngje bønesongen «Kyrie eleison» (Herre, miskunna deg). Så kjem vi inn i ein fjøs; ein fjøs som er merkt av ikkje å ha vore i bruk på ei stund. Inne i fjøsen ligg gardbrukaren på kne i forgangen og et cupcakes som ho tek for seg av direkte med munnen og fortel at dette er godt. Ho set seg på ein fjøskrakk med fem mjølkekartongar og eit stort, gamaldags mjølkespann framfor seg. Ho tek opp ein tynn hanske og gjev seg til å blåse han opp til ein ballong samstundes som ho seier ”Two plus two equals five” ned i hansken.” Etter kvart som hanskeballongen blir større, får han fasong som eit abnormt kujur med fem små spenar. Kvinna held fram med sitt monotone ”Two plus two…”