Utvikling

Presentasjon og arbeidsresidency: Else Olsen S.

BEK - Arbeidsresidency 06.01.2020 19.01.2020
BEK - Arbeidsresidency 27.01.2020 31.01.2020
BEK - Framsyning, work-in-progress 31.01.2020 16.3031.01.2020

Publisert

I den gamle Salhus Tricotagefabrik står det tunge og store maskinar, men også bittesmå og skjøre. Retro high-tech i kasettformat med programmeringar for automatiserte strikkemaskinar. Gamal teknologi møter ny teknologi gjennom eit sonografisk komposisjonsarbeid av Else Olsen S., kor lydane frå maskinane vil vera orkesteret og materialet i verket, som blir musikken i framsyninga. 


Velkommen til work-in-progress-framsyning på BEK fredag 31. januar kl. 16.30

BEK har vore fagleg rådgjevar i prosjektet, og mellom anna i forbindelse med opptaksteknikk og teknisk presentasjon. Prøveframsyninga er resultat av tre vekers arbeidsresidency på BEK. Else har gjort komposisjonsarbeid, kor alt lydmaterialet frå opptaka har blitt studert, klipt opp, limt saman igjen og blitt forma i studio, i dialog med dansarane og deira koreografi.


Masker

Masker er eit stadspesifikt tverrkunstnarleg prosjekt, med Norsk trikotasjemuseum som base. Det skal bli eit nytt arbeid med dans/scenekunst, tekst og nykomponert musikk, av og med den vestlandske dansetrioen No®way Home, i samarbeid med scenograf/kostymedesignar Silje Sandodden Kise.

Framsyninga blir skapt spesielt for trikotasjemuseet, men det vil også vera ein flyttbar versjon.

Bergensregionen har ei sterk historie knytt til tekstilindustri. Museet i Salhus viser dei store endringane i Noreg frå 1850 til i dag, som overgangen frå bondesamfunn til moderne industrisamfunn. Masker blir noko anna enn ein lineær historie: Det blir ein smak, minner presentert ved sida av kvarandre og oppå kvarandre, men også med utsyn mot framtida gjennom samtida. Sjølve lyden av fabrikken skal danna grunnlaget for framsyninga, gjennom ein sonografisk komposisjon. Det er òg eit politisk tilsnitt i prosjektet. Ulike trådar blir klipte opp, og knyta saman med nye fargar. Dette kan spegla små mellommenneskelege forhold, men også større spørsmål om flyktningar og nye befolkningssammensetningar. Kan brutne band knytast saman til noko fint til slutt? 

Eit sonografi kan samanliknast med eit fotografi. Forskjellen er at mens eit fotografi er eit avtrykk av nok som auga kan sjå, så er sonografiet eit avtrykk av noko som øyra kan høyra. Det kan vera lydar frå t.d. ein stad i naturen eller frå ein bestemt situasjon, eller lyden av rom og maskinar, som i dette prosjektet. Akkurat som fotografi kan settast saman, ved sida av kvarandre, manipulerast eller stå som collage, kan også sonografi bearbeidast i liknande komposisjonsprosessar. På same måten er også sonografi ein viktig måte å bevare minnet om eit rom, ein kultur eller ein historie. 

I dette komposisjonsarbeidet vil lydane ikkje brytast for mykje opp eller settast saman utan at særpreget blir teke vare på. Lydane skal få vera genuine avtrykk frå maskinane. Else arbeider mykje med heterofonisk samspel der ulike deler blir spelt oppå kvarandre, i motsetning til konvensjonelt samspel kor musikken blir spelt saman.


Om Else Olsen S.

Else Olsen S. er komponist, musikar og pedagog, utdanna frå m.a. Norges musikkhøgskole og Griegakademiet, og gjennom studier med dei amerikanske komponistane Pauline Oliveros (1932-1916) og Christian Wolff (f. 1934). Ho arbeider med eksperimentell musikk, og blandar gjerne inn andre sjangrar, som t.d. bedehusmusikk og folkemusikk. Alternative speleteknikkar, leiketøysinstrument og preparert piano er ein viktig del av hennar utøving. Hennar stipendiatarbeid, frå Norges musikkhøgskole og Griegakademiet, bærer tittelen Open form – ei utvida utøvarrolle (2015). Prosjektet dreier seg om interpretasjon og framføring av verk med ukonvensjonelle notesymbol, notert med til dømes grafikk, tekst eller tal.

Foto: Tonje Li