Events

Urmakarens hjarte

Sogn og Fjordane Teater,Turné i Sogn og Fjordane,Det Norske Teatret,Rogaland Teater 16.03.2012 18.0021.03.2012 18.00

Published

Urmakarens hjarte spelte for fulle hus under Førdefestivalen 2011. I stykket møter vi tolv år gamle Runa som har mista mor si i ei ulukke. På bursdagen sin finn Runa vegen inn in ein mystisk skog. Her møter ho ei flaggermus som fortel at tida har stansa, og at kjærleiken berre er eit ekko som snart vil forsvinne. Har dette noko med Runa sin røyndom å gjere?

Gjennom bruk av video og lyd vert det skapt eit visuelt lydunivers, med folkesongar Unni Løvlid og fire skodespelarar på scena. Stykket er ein skremmande, morosam og vakker eventyrthriller for større born og unge (frå ni år).

Manus: Miriam Prestøy Lie
Regi/komposisjon/lyddesign: Torkil Sandsund
Skodespillare: Per Vidar Annfinsen, Laufey Elíasdóttir, Morten Espeland, Unni Løvlid og Irene Waage
Scenografi/Kostymedesign/video setdesign/papirklipp: Dordi Strøm
Video: Amanda Steggel
Lysdesign: Torkel Skjærven
Programmering/lyddesign: Trond Lossius, Mattias Arvastsson
Maskør: Julie Clark
Rekvisitt: Hroar Hesselberg
Lydavvikling: Steinar Skardal
Videoavvikling: Seppo Steggell
Lys/turnéleiar: Odd Magne Herland
Sceneansvarleg: Sigmund Flaten
Produsent: Ingrid Hansen

Urmakarens hjarte er produsert av Sandsund/Lie i Dale i Sunnfjord i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater, Rogaland Teater og Førdefestivalen. Stykket er støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvande kunstnarar, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og BEK – Bergen senter for elektronisk kunst.

Nypremière i Førde fredag 16. mars. Turné i Sogn og Fjordane 20. mars – 27. april.
Blir spelt på Det Norske Teatret 10. og 11. mai.
Sjå speleplan.
Billettar i sal frå 1. februar (gjeld ikkje DNT).