Arrangement

multiMORF 3

BEK 01.08.2011 00.0011.08.2011 00.00

Publisert

Ordet Morf har mange tydingar. Begrepet morfing er brukt innan td. animasjon og lydbearbeiding, og resulterar i ei saumlaus endring frå eit objekt til eit anna. I multiMORF 3 blir opptak av foss morfa med opptak av trombonesolisten gjort i så mange skikt at lyden av trombonen liknar fosseduren. Lydane er bearbeida i studio med dataverktøy, og solisten brukar elektronikk under framføringa. Lyd og bileteopptak er gjort av to fossar på Vestkysten av Noreg.

multiMORF 3 er det tredje i ein serie verk utvikla i samarbeid med lydkunstnar Thorolf Thuestad og videokunstnar HC Gilje. Verket har open form, dvs. valg som gjeld tidsforløp, rekkefølgje av idéar, og repetisjonar blir tatt under framføring. Morfinga er polyfon fordi den skjer samtidig i ulike skikt hos solist, i lydteknologi og video.

– Knut Vaage

multiMORF 3 er bestilt av BIT20 Ensemble, og finansiert av Norsk komponistfond og Norsk kulturråd. Studiotid, opptaksutstyr og produksjonstid er støtta av BEK.