Arrangement

Alt lys på Solund

Hardbakke, Solund 15.11.2013 09.0017.11.2013 02.00

Publisert

”Alt Lys på Solund” er eit spanande og innovativt prosjekt der kreativitet, kunstnariske uttrykk og lysteknologi møtast. Ramma er den særeigne Solund-naturen og tema er korleis lys kan nyttast for å skapa aktivitet og oppleving og samstundes engasjere både lokalsamfunn og andre som vert knytt til prosjektet.

Med fokus på lys som ei kjelde til uttrykk innan kunst og oppleving skapes lokalt, nasjonalt og internasjonalt engasjement for visuelle uttrykk . Lyset får ein sentral rolle i ein heilskapeleg utforming i grenselandet mellom praktisk bruk, kunstuttrykk og visuelle opplevingar.
Prosjektet har som mål å skape tre ulike, men likevel samanhengande resultat, der prosjekta kvar for seg er sjølvstendige installasjonar der samspel mellom uttrykk og teknologi skal skape eit heilskapleg uttrykk.
Me inviterar alle som ynskjer å kome saman i ein mørk tid til å lære om og settje pris på ljos. Alt Lys på Solund er ein ljosfestival i øykommunen Solund som med kunst og musikk, mangfaldig perspektiv på ljos samt bevertning lyssettjer dagane 15. og 16. november.

Ljosfest:
Kunstnarisk program på Solund Verft og i Hardbakke hamn, musikk og biletkunst, ljosinstallasjonar, pubkveld, servering av lam, aktivitetar for born, mørkevandring, lysbåt, mørkepadling og dykk.

Ljosseminar:
Kva trengs for å halde periferien levande?
Ljos er premiss for liv, og med lysfestivalen ynskjer vi å avdekka nye samanhengar mellom det nære og det fjerne, mellom det som er no, og det som skal bli. Med presentasjonar av ljos i vitskapleg forsking, teknologi og kunst, med nærleik til kvardagslivet.

Mer informasjon og fullt program her:
http://www.solundlys.com/lys/LYSFESTIVAL_2013.html
Se videodokumentasjonen av HC Giljes, ‘Sveip’ her: http://vimeo.com/80555924
Bilder av HC Gilje og Anne Marthe Dyvi sine arbeider.